Om oss

Årsmelding førre år:

Årsmelding Bulken Ungdomslag 2022

Styret har bestått av:

Leiar: Kristian Røthe Mandelid
Nestleiar og skrivar: Kari Nestaas Ruud
Kasserar: Ann Iren Svennes Hole
Ansvarleg for utleige: Joar Mykkeltveit
Styremedlem: Kristoffer Byrkje, Erlend Petterson
Varamedlem: Lars Ove Lunde
Revyleiar: Mathias Røthe Mandelid


Styret har hatt 4 møter i året som har gått.


Aktivitetar:

Me har arrangert 3 quizkveldar dette året, med stort sett greitt oppmøte. Me endra litt på konseptet frå å berre stilla spørsmål til å utfordra deltakarane med meir praktiske oppgåver, noko som vart godt motteke.


I april skipa me dans med liveband, men diverre kolliderte hendinga med andre arrangement i bygda så det var litt labert oppmøte. 


17.mai vart feira på tradisjonelt vis att, med kafé og iskiosk i huset. Me takkar komiteen og 6. klasse på skulen for godt samarbeid.


I september arrangerte me Grendacup ilag med idrottslaget i Eideshagen. Bandet Øye and Sparkplugs spelte til dans undervegs om dagen, medan om lag 60 utkledde amatørspelarar leika seg på banane. Røde Kors stilte opp med mannskap og to gode revy-veteranar frå grenda kom i glamorøs stil som jury og «talentspeidarar». Takk til Flage Maskin som leverte lastebil med lift til juryen, takk til speaker Knut Aspebakken som guida oss igjennom dagen og tusen takk til komiteen på Grindabakken som sydde dette arrangementet saman. Dette ynskjer me å arrangere fleire år!


Grendafesten «Ta med besten på grendafesten» som me skipa i oktober var stor suksess og det kom mykje folk i alle aldersgrupper frå 16 til 70 år. Mange gode tilbakemeldingar og ynskjer om fleire liknande festar.


Nytt i år er månadlege klubbkveldar for 5.-7. klasse som me starta med i mai og «halloVenn» i oktober. Ungane har kost seg med dans, speling og sosial hygge. Me har servert hot dog eller osteskive og saft. Til jol serverte me mandariner, pepperkaker og gløgg.


Huset har vore mykje utleigd i 2022, spesielt frå hausten av. Veldig kjekt at fleire å ynskjer å nytte grendahuset.


Dugnad og vedlikehald av huset

Huset har nesten ikkje vore i bruk dei to føregåande åra, så det har med det også vore lite slitasje på huset. I vår hadde me ein dugnadsdag der me fjerna mose på taket og vaska og rydda huset til 17. mai. Takk til Voss Liftutleige for lån av utstyr så me kom oss opp på taket.

I haust kjøpte me 10 nye sofaer og 5 bord til kjellarstova, slik at me kan leige stova meir ut til fleire formål. Dei nye sofaene er høgare og gjer det enklare å bruke og møblere både til møter og fest.

Sparebankstiftinga Hardanger har vore så gilde å sponsa oss med ein solid rasteplassbenk ute, levert av Kveik.

Elles har me hatt små dugnadsøkter med litt smårydding og organisering undervegs.

 

Tusen takk til alle som har støtta laget vårt i året som har gått.

Slik ser styret for 2023 ut:

  • Leiar:                        Kristian Røthe Mandelid
  • Skrivar og nestleiar: Kari Nestaas Ruud
  • Kasserar:                  Ann Iren Svennes Hole
  • Ansvarleg for utleige: Joar Mykkeltveit
  • Styremedlemmar:

Erlend Petterson

Kristoffer Byrkje

  • Ungdomsrepresentantar: 
    • Oline Aadnekvam Mykkeltveit
    • Sigrid Nestås Kvarme
  • Varamedlem:  Lars Ove Lunde


Andre verv:

  • 17.mai-komiteen:    Torben Hilland, Ann Iren Svennes Hole, Arnhild Vethe og Kristina Vethe Istad


  • Leiar revygruppa: Mathias Røthe Mandelid
  • Revisor: Solfrid Dagestad
  • Valnemd: 


Kunne DU tenkt deg å vera med i styret eller andre verv? Sei ifrå til oss! Me vil gjerne ha fleire med!