Liv og Lyst

Prosjekt:
Liv og Lyst lokalsamfunnsutvikling

I november 2023 sendte ungdomslaget inn ein søknad til Vestland Fylkeskommune for Bulken Grendautval om å få vera med i eit prosjekt som heiter Liv Og Lyst.

Me fekk tilslag til å vera med i forprosjektet på 1 år, der me vil at alle Bolkarar skal vera med å bidra framover.

Dette gledar me oss til å sette i gang!

I lag skal Bulkarane finne ut om det er noko me vil gjere bedre, noko me vil byggje eller arrangere i grenda eller korleis me kan samarbeide best mogeleg på tvers av laga våre.

Her har me frie tøyler til å utvikle grenda vår, med hjelp frå Fylkeskommunen og inspirasjon
frå andre grender som er med i prosjektet.

Me har fått tilskot på 80 000 kr frå fylkeskommunen
for prosjektet dette året!


Me har starta opp ei rullerande arbeidsgruppe for forprosjektet, og tek gjerne med oss fleire engasjerte i dette kjekke prosjektet vidare!


Kva skal me få til i grenda vår?

Her er link til eit skjema der du kan sende inn dine innspel til kva du meiner Bulken manglar: 





Grendamøte 21. august

Me er i gang med å planleggje eit felles informasjons- og idémyldringsmøte for ALLE Bolkarar. Møtet vert i ungdomshuset kl. 19.00. 

Det vert foredrag med underhaldning, etterfulgt av informasjon, inspirasjon og erfaringsutveksling. Me skal sjølvsagt innhente så mange innspel som mogleg denne kvelden, og håpar at så mange som mogleg tek turen. 

Dette skjer i prosjektet framover:

Felles Facebookside for alt som skjer i grenda


Det er mykje me ikkje alltid får med oss av det som skjer, og informasjonen kan fort gå oss hus forbi i Facebook-verda. Difor har me påteke oss å lage ei samlesida for alle arrangement og nyttig informasjon for grenda vår. 

Me vil sjølvsagt også nytte høvet til å informere om prosjektet vårt og ta imot innspel. 

Me samlar inn idear


For å få mest mogleg innspel vil me henge opp plakatar i mange deler av Bulken der me veit at folk samlast. På plakatane er det kort info om prosjektet og ein QR-kode som tek deg direkte til eit svarskjema for idear. 

Det er for tida høgsesong i Eideshagen, så me har hengt opp ei postkasse der som alle kan levere sine innspel på papir om dei vil. 


Søknad om hovudprosjekt


Innan 1. november skal me sende inn søknad til Vestland fylkeskommune om å få være med i hovudprosjektet til Liv og Lyst. Hovudprosjektet varar i 3 år og då skal me få ideane ut i livet! Dersom søknaden vår vert godkjent vil Fylkeskommunen tildele 300 000 kr til prosjektet, og heradet med 80 000 kr.

ei av dei vikigaste kriteria for å få godkjent søknad til hovudprosjektet er at alle i grenda har fått kome med innspel til arbeidet. 


Innspel frå Bygdelivsverkstaden i kjellaren i ungdomshuset på 17. mai

"LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt.

LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar"


Her kan du lesa meir om kva prosjektet går ut på, i heimesida til Vestland Fylkeskommune

Vil du vera med i arbeidsgruppa?

Per no består arbeidsgruppa av Silje Hilland, Kari Nestaas Ruud, Ann Iren Svennes Hole, Anette Rongen, Tone Hille, Hroar Magnus Espeland og Marta Fauskanger.
Arbeidsgruppa er rullerande, slik at alle som vil vera med å bidra til å skapa Liv og Lyst, komme med bidrag eller vera med å realisera eit prosjekt kan vera med. Om ein er med i tre veker eller eitt år er opp til kvar enkelt og den interessa og kapasiteten ein har. Fyll inn din kontaktinfo under så høyrer du frå oss!